søndag 30. mai 2010

Dramatisk tur til topp nr 8


I dag bestemte me oss for å ta turen til Stolsåtå, ein av dei litt lengre toppane. Men me starta med friskt mot, og gjekk på, heilt til me høyrde ein merkeleg lyd nede i vegen. Plutseleg dukka det fram ein

--




--




--




HEST!!

Den ser eigentleg ganske så fredeleg ut på dette biletet, men var rett skummel når den, etter at me hadde sneke oss forbi den, kom springande etter oss ned bakken! Men me overlevde heldigvis, og til toppen kom me! Fin utsikt over Hidra og Andabeløy!

søndag 23. mai 2010

Action på Pizza Inn!

    


Link til omtale i Avisen Agder.

Topp nr 7, Furkammen!


I dag køyrde me båten til Kvellandstrand, og har no bestege ein ny topp. Mor & son er fornøgde med å nå toppen. Blå himmel når me vakna, men har no skya litt til, fortsatt varmt og fint. Per Gunnar måtte som vanleg gå heilt frampå kanten.


           

laurdag 22. mai 2010

Besøk og årets første bad!


Me fekk storfint besøk i går då Nerland og Liv Mary tok turen. I dag har me vore på båttur til Øyna, der det var duka for grilling. Sol og temperaturar langt opp på 20-talet gjorde turen til en suksess, og sjøen låg og freista, så det var berre å komme seg uti. Det vart dermed årets første - og garantert ikkje det siste - bad for min del.



måndag 17. mai 2010

17.mai-film!

Hipp-hipp hurra!! :D 17.mai!

Gratulerer så mykje med dagen folkens!!


Klokka halv 7 i dag tidleg vakna me første gong av ein salutt, og fleire skulle det bli. Det gjekk óg eit korps rett forbi utanfor her kl 7, så var ikkje så lett og få sove utpå i dag... Etter kvart fekk me på oss finstasen og kom oss ut i byen for å sjå på folket.



Då var det tid for årets første softis:

Så var me og såg på roing i elva:
Så var det klart for fotballkamp, der me spelte mot russen, det endte med tap på straffekonk... Per Gunnar scora på straffe!

Me har óg vore å gått i tog for Vollen Fotballklubb.

søndag 16. mai 2010

To sprekingar på topp nr 6!


Tok oss ein kveldstur i regnet, godt og komme seg ut ein tur etter ein spanande Moldekamp! Anneråsen vart dagens topp.

fredag 14. mai 2010

Topp 5 på 10 på topp!


No har me stavra oss opp på Bærtjørnknuten i kveldinga! Og eg er fornøyd med å finne postkassa. Strålande sol og fin utsikt på toppen!
 

torsdag 13. mai 2010

Spasertur på Himmelspretten!

I dag har me gått oss ein liten tur i byen, og dermed teke nokre bilete.







Video frå Skienstur!

Video fra årets første grilltur!

Me har no endeleg teke oss tid til å redigere nokre gamle videoar, her kjem den første frå når me tok vår første båttur til Torsøy og grilla.

søndag 9. mai 2010

Høvdingbesøk og bursdagshelsning!

På fredag fekk me plutseleg besøk av sjølvaste Høvdingen! Han var over i Flekkefjord til laurdag, og fekk med seg eit par båtturar! Då var han i sitt rette element!



Me har vore så heldig at det har vore kjempevêr heile helga, og storkosa oss med grilling og båtturar, har vore reine sommaren! Deilig!

Vil med det same gratulere LIV MARY så mykje med bursdagen i dag! Håper du har hatt ein fin og triveleg dag!! Klemmar frå Flekkefjord!!

tysdag 4. mai 2010

Gratulerer med dagen mamma!! :D

Gratulerer så mykje med XX-årsdagen din i dag kjære mamma! (Kan vel ikkje nemne alder, hehe!)
Håper du får ein superduperfin dag i dag, og god tur til Kroatia snart!!


Er kjempeglad i deg! Klem frå Heidi Iren!

måndag 3. mai 2010

På bygda!


Ein veit ein har komme på bygda når dei har eiga saueparkering!

laurdag 1. mai 2010

Den fjerde toppen vart Storevarden!


I dag var det igjen dags for ein fjelltur, og Storevarden var det store målet. Me såg på kartet at ein kunne starte på to forskjellige plasser, og late som me er, valgte me den vegen som såg kortast ut... Me gjekk oppover ein ganske blaut skogsveg (med joggeskor sjølvsagt), og hadde komme ganske langt, då me traff på tre andre turgåarar, nokre spreke halvgamle damer. Dei óg var på veg til Storevarden, men kunne ikkje finne vegen. Så me alle fem gjekk og surra og leita etter raude merker og stiar, men måtte til slutt kapitulere og starte på nedturen. Så det endte med at me gjekk opp den andre vegen, så til toppen kom me oss til slutt likevel. Etter den lange turen var det skikkeleg godt å komme seg heim att til ein varm dusj og middag!