måndag 21. februar 2011

Bursdag og turgåing!

På laurdag var me på Nerland og feira 60-årsdagen til Gudbjørn, der fekk me god servering, og det var riktig så triveleg. Fekk oss òg ein fin rusletur, fekk sett Hummervågen og Braukæsteinene.





søndag 13. februar 2011

Utkledningsbursdag i går!

I går var eg å feira bursdagen til Hilde, og då var det utkledning på gang. Fekk kjøpt meg eit hippie-kostyme, så slik såg eg ut i går...


Her kjem nokre bilete av nokre av dei andre, mange kreative utkledningar. I tillegg hadde me med oss Kjelling & Kjelling ut på byen i går! Var ein kjekk kveld.




laurdag 12. februar 2011

Parabol!


Då er det over og ut med ip-tv her i huset! I dag har me nemleg kjøpt parabol. Per Gunnar har strekt ledningar og styra på, so no funkar det gitt!

onsdag 9. februar 2011

Bursdag i dag!! :)


I dag blir eg jaggu heile 27 år! Nesten så eg byrjar å verte vaksen, men berre nesten. Har feira dagen med smørbrød og is på jobb, fekk òg ein fin bukett med blomar! Når eg kom heim stod nachosen klar på bordet, snille Per Gunnar diska opp med deilig middag i dag! Etter kvart vart det pakkeopning, og etter det igjen gele! Og i tillegg har MFK nett vunne 3-0 over Hødd i treningskamp, dei byrjar å finne formen no! Har fått mange fine gåver i dag, og mange helsningar, tusen takk til alle saman!




søndag 6. februar 2011