laurdag 26. mars 2011

Årets første fjelltur!

I finvêret i dag snørte me på oss fjellskoa og då bars det i veg på fjelltur. Hadde eigentleg tenkt oss på ein annan topp, men sidan me hadde vorte inneparkert, vart det ein tur på Storeheia istadenfor. Med blodappelsin som niste, starta me med godt mot opp mot toppen. Var uvant med fjelltur igjen, sjølv om det ikkje var lange vegen, men opp kom me oss vertfall! Fin utsikt over Flekkefjord.





Per Gunnar måtte frampå kanten som vanleg...

laurdag 19. mars 2011

Vår!


Då har me komme langt ut i mars, og vårteikna byrjar å vise seg fram. Får håpe me har sett vinterens siste snøfall óg no!

søndag 6. mars 2011

Supersøndag!

I dag har det vore eit fantastisk fint vårvêr, så då måtte me benytte anledninga til å komme oss ut ein tur. Så innemellom VM og VM, laga me oss bakels og kakao, og tok turen ut på isen. Der skøyta me oss rundt ei stund, før me tok oss ei velfortjent pause og kosa oss i sola. Våren er no på full framgang, så det spørs om det er siste turen vår på skøyter for denne sesongen.








No etterpå har me sjølvsagt fått med oss den avsluttande øvelsen i ski-VM, nemleg 5-mila. Og den gjekk no fin-fint! :)