søndag 13. april 2014

Båttur og fjelltur

Sommaren kom innom her i slutten av mars, og då benytta me anledninga til årets første båttur. Turen gjekk då til Dåtlandsstrand, der me la til og gjekk i land. Me gjekk så opp til gården Li, og vidare opp til Kjørsfjell. Nydeleg vêr, og flott utsikt. Når me kom ned att til brygga, grilla me nokre pølser!








Årets første ti på topp!

For nokre helger sidan starta me opp med 10-på topp igjen. Årets første destinasjon vart Bærtjørnknuten, så no er me i gang!