søndag 29. august 2010

Tur til Brufjell, topp nummer 17!!


I dag tok me oss ein fjelltur i finvêret, til Brufjell denne gongen. Eit fjell i nærleiken av Åna-Sira, med super utsikt over havet. Me bestemte oss i dag for å - i tillegg til å gå på toppen - ta turen ned til dei mange jettegrytene som befinn seg lenger ned mot sjøen. Før har me alltid berre vore på toppen, og ikkje tatt sjansen på å ta turen ned. Litt bratt var det enkelte stader, men me kom oss velberga ned.





Der fekk me sett jettegrytene, eit ganske så stilig skue! Så var det opp att, før me starta på tilbakevegen, tok ein annan sti då, slik at me fekk gått innom den fine rullesteinstranda som ligg der. Der vart det ein kjapp dukkert, ikkje kjempevarmt i vatnet akkurat, men godt å få kjølt seg litt ned i varmen.






laurdag 21. august 2010

Topp nummer 16 i kveld!

No har me teke turen til Mønstermyrvarden, ein grei og ikkje alt for lang tur i variert terreng. Mykje av turen gjekk me på ein grusveg, før me tok av opp i "bushen". Litt forblåst på toppen, så Per Gunnar måtte ha på seg ei brok. På vegen ned att vart det derimot så varmt at me måtte ta oss ein aldri så liten dukkert! Deilig!





tysdag 17. august 2010

Tur til Talje!

Sidan det ikkje var meldt så fint vêr i Flekkefjord i dag, bestemte me oss for å ta turen til Talje, ei lita øy nord for Stavanger. Det var der jobben til Per Gunnar hadde firmahytte før, så me har vore der nokre gonge før. Så i dag har me spela frisbeegolf, bada, grilla og padla kajakk! Koseleg dag!







måndag 16. august 2010

To toppar i dag, nr 14 & 15!

I dag tok me turen til Kjørsfjell og Gården Li, vêret var ikkje det beste heile tida, så heilt tørre vart me ikkje.. Fin utsikt utover Hidra frå begge stadane.




søndag 15. august 2010

I sommarland!


I helga tok me turen til Bø Sommarland, der me leika oss både litt på laurdag, og endå meir på sundag. Me sklei på sklier, spelte minigolf, bada, padla kano og kasta basket. Per Gunnar var så flink å kaste basket at han vann ein artig grøn orm!






laurdag 14. august 2010

Krabbe!



I kveld har me hatt oss ein fin båttur inkludert krabbelysing! Fann ein del, men me hald ikkje på så voldsomt lenge, så ikkje den heilt store fangsten.

søndag 8. august 2010

Båttur til Langelandsfjell, topp 13!

I dag sykla me til småbåthamna, kom oss ombord i båten og satte kursen mot Hidra. Køyrde til Rasvågen, der me fortøydde båten og starta på fjellturen. Fint vêr og nydeleg utsikt!! Når me var nede igjen, vart det bading, før me måtte starte på heimturen - me hadde no ein Moldekamp å rekke.