søndag 29. november 2009

Vasking og pynting!



I dag har me vaska heile leiligheita og bilen, så no har me vore rett så flinke! I tillegg har me pynta til både advent og jul, så no har me fått det fint her! Har ikkje all verden med pynt, men litt har me då. Ikkje så mykje vits å pynte så veldig, i og med at me reiser heim i jula, men koseleg med litt pynt! Etterpå skal me tenne det fyrste ljoset i adventsstaken.






Arbeidshuset!

Mi tidlegare lagvenninne på Træff, Stine Visnes Eriksen, har opna butikk saman med si mor på Visnes. Arbeidshuset Gave og Interiør. Vil anbefale alle som ikkje har vore der og besøkt butikken til å gjere det! De som bur i nærleiken har kanskje allereie vore der, viss ikkje er det på tide! :)
Etter det eg har sett på bloggen deira, så har dei kjempemykje fint, og mange potensielle julegåver.




Eg har tenkt å prøve og få besøkt butikken når eg kjem heim til jul, får sjå korleis det passar!

Eg er med på konkurransen på bloggen, og håper sjølvsagt å vinne!

fredag 27. november 2009

Gratulerer med dagen Linda! :D

Hipp-hipp hurra! I dag vil eg gratulere mi kjære syster Linda med 28-årsdagen! Håpar du får ein strålande dag, og at Michal vertar deg opp! Eg er kjempeglad i deg!

God tur til Sverige, kos dykk kjempemykje!

Nokre utvalgte bilete av Linda:



















Eg har baka kake! :)



STOOOR bursdagsklem frå meg!!!

torsdag 26. november 2009

Utan internett, TV og PC!

Det er ganske utruleg kor avhengig ein kan bli av ting. Forrige veke når lynet slo ned, og det landa ein meteoritt på Lilleheia, så vart me plutseleg utan både internett, TV og PC... Nok ein gong kjempeglad for at me valgte å få tak i ip-tv! (I tillegg til at me ikkje fekk TV2 Sport på den, og at det ikkje går an å ta opp...)

På tysdag fekk me heldigvis ein ny router i posten, så no kan me i allfall sjå på fjernsyn igjen. Men sidan PC'n òg tok kvelden, kjem me oss ikkje på internett lengre, utanom på jobb då. Har difor vorte utruleg lite blogging i det siste, men når eg no etter kvart får PC frå jobben, så blir det andre bollar skal du sjå...

Det som òg er lurt, er å ha bilete lagra på fleire stadar enn på harddisken, slik at du ikkje mistar dei når PC'n ryk... Hadde ikkje me brent CD'ar hadde eg til dømes ikkje kunne lagt ut dette fantastiske bilete no:



fredag 20. november 2009

Snart jul!!?!

Eg gledar meg sånn til jul!:) Det er så kjekt å komme heim til Gossen og mamma. Det er noko heilt spesielt med jula, det er så koseleg. I år skal eg vere heime i heile to veker, det skal bli godt før det etter jul blir travelt med mykje jobbing... Julemiddagen med pinnekjøtt er så klart eit høgdepunkt, det blir så godt at eg blir heilt vill berre ved tanken!

Har for nokre veker sidan tjuvstarta litt med julekosen, både pepparkakar og mandarinar har me stappa innpå. Tru det eller ei, så har eg faktisk kjøpt inn nokre julegåvar òg!




Tenkte det kunne vere greit å slenge inn ei aldri så lita ynskjeliste her, i tilfelle nokon har lyst til å kjøpe noko til meg til jul:)

  • CD-mappe.
  • Massasjeolje.
  • Kaffikanne (gjerne ei litt lita og snerta ei).
  • Svart belte, både sånn vanleg for å ha inni hempene på buksa, og sånn midt-på-magen-belte.
  • CD: "The Boy Who Knew Too Much" med Mika.
  • Eos leppepomade (gjerne rød).
  • Nedtellingsklokke til matlaging (kva heiter det eigentleg?)
  • Sånn hue som Linda har på seg her.
  • Smykker, øyredobbar, skjerf, anna "stasj".
  • Bøker: "Tapte symbol" av Dan Brown, "Havfruen" av Camilla Läckberg. Også andre bøker, men litt lett å treffe på ei eg allereie har eller har lese.
  • Isskrape.
  • Suppeause (plastik).
  • Kartbok/vegbok (gjerne brukt NAF-bok).
  • CD-stativ.
  • Pondus bordkalender 2010.

Her kjem litt jule/advent-stemning:


(Dumt denne ikkje visast på fjernsynet i år...)

Har du starta på jula? Ha ei fin førjulstid! :-)

torsdag 19. november 2009

Ny bil!



Då har me fått henta vår nye bil!:-) Den er no trygt plassert utanfor leiligheta i regnvêret.. Får prøve å ta fleire bilete i helga når det er ljost og opphaldsvêr ute!








fredag 13. november 2009

Fredag den 13.!!!

Oioioi, i dag er det best å vere forsiktig. Som kjent kan denne dagen by ein del uheldige hendelsar!

I ettermiddag sett me kursen mot Kragerø, der me skal på spahotell med jobben min, det skal bli kjekt. Massasje med varme lavasteinar står på programmet for min del i morgon, det skal bli digg det! Litt kjipt at årsfesten på Moi IL òg er i kveld, men ein kan ikkje få med seg alt heller..

Slenger inn eit bilete frå hotellet me skal på:




Ha ein fin dag, og ei fin helg folkens! :)

onsdag 11. november 2009

Dina Misund!

"I know" er den nyaste sangen til Dina Misund, opprinneleg frå Misund, men bur no i Trondheim. Eg spelte saman med henne på Træff, men ho har fleire talent enn fotball, berre høyr her:




Her kan du stemme på Dina, slik at ho kan få opptre på finaleshowet til X-faktor.

måndag 9. november 2009

Bokanbefaling: Ida's dans!

Denne boka er skriven av Gunhild Corwin, og er ei utruleg sterk historie. Den handlar om Ida på 18 år, som får leukemi, og som går frå å vere ei frisk og danseglad jente, til å bli dødssjuk - på utruleg kort tid. Gunhild er Ida sin mamma, og ho gjev utruleg mykje av seg sjølv i denne boka, alt blir opplevd gjennom hennar auge. Her får vi skildra alt frå korleis dei blir tatt i mot på sjukehuset, korleis dei opplever behandlinga og det å vere i denne situasjonen, familiens reaksjoner og tankar. Me får skildra korleis Ida kjempar sin kamp, me får høyre om gledelege oppturar og triste nedturar saman med venner og kjæraste, og korleis heile familien står saman og støttar kvarandre. Boka viser òg kor enorm kjærleiken mellom foreldre og born kan vere, og kor viktig det er å ta vare på kvarandre, og leve i no'et!



Eg lånte denne på biblioteket, og den vart utlese på ein augneblink.
Har du lese denne? Dersom ikkje, så anbefalar eg den på det varmaste!

fredag 6. november 2009

Mr Almera!


Jubileum på veg til Kjevik og Oslo! Mr Almera har passert 180.000 km! I gåve fekk han ei ny ljospære og to nye vindusviskarar! Og som de ser er Per Gunnar flink og held fartsgrensa!

onsdag 4. november 2009

Hjå frisøren!


Då har eg akkurat vore hjå frisøren og fiksa litt på sveisen. Me skal tross alt til hovudstaden i helga, og då må ein sjå i allfall litt ordentleg ut. Klipte ikkje så mykje, men fekk litt meir fasong på det. Per Gunnar var hjå frisøren i går, så no er me klare for det meste!

tysdag 3. november 2009

Snart Cupfinale!! :D

No er det snart klart for cupfinale!! Etter mykje om og men med skaffing av billettar, endte me til slutt opp med to billettar frå Telemark Fotballkrets. Takk til Finn Morten og Bent! Er glad me slapp å betale for både buss tur/retur Molde, diverse mat på bussen, og hotellopphald, så det var bra me avventa betalinga til Peer Gynt. Då har me fleire pengar som me kan bruke på supportareffektar, som det flotte skjerfet med orddelingsfeil på... Men det er vel utsolgt allerede...


Bilde av ei som gler seg like mykje som oss! Plex!

Eg gler me sånn til helga og søndag spesielt, at eg kan nesten ikkje vente!! Skal bli ufatteleg deilig å sjå når Berg Hestad nok ein gong skal heve pokalen over hovudet (forhåpentlegvis)..! No er det berre 5 dagar att!
Eg håper verkeleg at Moldelaget spelar godt, og tek ein knusande seier over lillebror.

For at de skal komme i cupfinalestemning, legg eg ut årets cupfinalevideo:



Kva synes du om Molde's cupfinalevideo?

Heia Molde!!! :-)

måndag 2. november 2009

Grisesjuka!

Nøff-nøff! Ein må jo ha vore på månetur i det siste om ein ikkje har høyrd om svineinfluensa, eller grisesjuka som eg likar å kalle den. Det er mykje snakk om risikogrupper, smitte og forebyggjande tiltak, men kor reell er denne trusselen? Er mykje av det mediaskapa? Eller er det legemiddelindustrien som tener på at me vaksinerar oss og kjøper influensamedisin som "står bak" ? Kor hysteriske skal me eigentleg bli? Det er jo mange som allerede har fått den, og med dei fleste går det jo bra.


 (Bilde lånt av Sissel Nystad)

Ein blir jo sjuk i ny og ned uansett, men det er jo litt skummelt når i utgangspunktet heilt friske menneske har døydd av dette, det er jo ikkje til å kimse av. Kjenner fleire som har hatt svineinfluensa, og med dei har det i allfall gått bra. Endå er jo vaksina forbeholdt dei i risikogruppene, så me får vente til det blir vår tur, så får me sjå om me skal ta ho eller ikkje. Det er jo ein del bivirkningar av den òg...

Er du redd for å få svineinfluensa? Skal du vaksinera deg?