tysdag 17. desember 2013

Svalbard-julebord 2013

Kven skjular seg attom maska?

Her kjem nokre bilete frå Svalbard-turen vår. Me var ute og køyrde snøscooter, det var kjekt, men litt kaldt. Då var me so heldige at me óg fekk sjå nordljoset. Lunsj hadde me i ei gamme, koseleg.





Isbjørn fekk me óg sett på turen:



Innom Tromsø by ein tur for ein matbete på veg heim att.

søndag 15. desember 2013

Tyrkia-tur!

Betre seint enn aldri...
I september tok me turen til varmare strøk, nærmare bestemt Side i Tyrkia. Der hadde me ei super veke, på eit flott hotell, med mykje sol og bading på programmet.