onsdag 30. mai 2012

Innhaldsrik pinsehelg!

På torsdag fekk me storfint besøk, då Liv Mary, Nerland og mamma tok turen til Flekkefjord. Flagget måtte dermed opp!


Var så vidt me rakk å få i gjestane noko mat, før me tok turen opp til Uenes og kamp med Vollen FK, før det bars tilbake til leiligheita for å sjå Molde-Tromsø, vart siger i begge kampane gitt!


På fredag tok Per Gunnar og Nerland turen ut med båten for å fiske, medan me damene reiste til Lyngdal på shopping, og ingen av oss kom tomhente heim.


Etterpå vart det båttur ut til Huk på Øyna, der det vart grilling av både makrell og kjøt, og ikkje minst potet ;-)


Varmt og fint var det, så då vart det óg tid for årets første bad for meg og Per Gunnar, digg!


På laurdag vart det tid for ein ny båttur, då var det Torsøy som stod for tur. Der var det tid for soling og bading, samt vandring til skyggenes dal for enkelte.



Etter kvart satte me oss i båten att, og køyrde i retning Hidra og Isbua. Der fekk me oss ein fantastisk god middag, så då var alle mette og fornøyde. Sjølvbilete var det ein som tok óg. Så bars det heimover for å sjå landskamp og Grand Prix, heia Norge!!



Søndag var det Sokndalsdagane som stod for tur, der me rusla rundt i gatene og såg på forskjellige salgsboder, kjøpte oss noko grillmat og vasa rundt. I tillegg hadde dei "ta sjansen" på sykkel, som var bra underhaldning, vart nokre plask for å seie det slik.





Når me var attende i byen for me på Pizza inn og åt pizza!! Etter middagen fann me ut at me måtte teste ut den nye bystranda, og trur du ikkje at Nerland fekk seg årets første bad óg.


I kveldinga vart det tur til Høgfjell for alle utan mamma, og enkelte vart litt skeptiske når me kom til stigar og klatring, men det gjekk godt både opp og ned. Fin utsikt!






Måndags førmiddag vart brukt til pakking, boccia-speling og soft is-eting. Pluss at badenymfen Nerland drog oss med ut å bada igjen.




Vil takke alle saman for ei super helg!!

søndag 20. mai 2012

I kyrkja i dag...

... nemleg Simonskyrkja! Hatt oss ein fin liten fjelltur i dag, god start på dagen!!



torsdag 17. mai 2012

17. mai 2012

Hipp-hipp hurra!! I dag er det 17.mai, og då må finstasen på!



søndag 6. mai 2012

Toppturar i skiftande vêr

I dag har me vore både på Høgåsen og på Raulifjell. Som kjend var me på Raulifjell ein gong tidlegare i år òg, men då var det ikkje noko klippar på toppen, men den var heldigvis på plass i dag! Så no er me faktisk oppe i 10 toppar i år. Når me var på Høgåsen var det lettskya og fint, medan når me kom oss opp til Raulifjell var det grauttjukt og snø i lufta. Litt jogging vart det òg på turen i dag, så god trening blei det i all fall.




laurdag 5. mai 2012

På fisketur!

1.mai satte me oss i båten og køyrde utover fjorden. Hamna utanfor Øyna, ikkje langt frå Listalandet, der me hivde snøra uti. Det skulle ikkje mange draga til før me drog opp sei etter sei. Når Per Gunnar hadde nok til eit par-tre mål, så gav me oss og satte kursen mot Huk på Øyna, der det vart grillings!