tysdag 28. april 2009

Båt!!! :-)

Då har det endeleg vorte båt på oss sørlendingar. Kan jo nesten ikkje bu i herlege Flekkefjord utan å ha båt. Ei lekker 23 fots Tromøy plastsnekke med Volvo Penta 25 motor ligg no i Lyngdal og berre ventar på oss.


Det er Per Gunnar og 5 andre på Eik som har gått saman om å kjøpe.
Så no ser eg fram til ein sommar full av: båttur, bading, badering, soling, overnatting i båten, grilling, daffing, fisking... You name it! Ahhh, gler med til sommaren!! :-D

Sit no om dagane inne på kontoret mitt – med sjøutsikt, og ser på at båtar tøffar forbi. Får ikkje mindre lyst på båttur då kan du seie. Og på kor mange finvêrsdagar har ikkje eg og Per Gunnar sagt: ”Åååå, i dag skullæ me haft båt!”

Skal bli sinnssjukt deilig å kunne ta seg ein båttur nesten alltid når ein vil.

Ingen kommentarer: