fredag 12. juni 2009

Ferdig med eksamen - snart ferie!! :-D

Utruleg digg og vere ferdig med eksamen!! Så no kan eg endeleg byrje å lese "vanlege" bøker igjen, vertfall utan å få dårleg samvit! Det er heller ikkje dumt at det berre er nokre få dagar igjen på jobb før ein velfortjent ferie. Og med pizza og kake på jobb i dag, så blir det ein god forsmak på helga og ferien. Me skal sjå Engler & Demoner på kino i kveld, og så går det vel i båtturar resten av helga.
Og med Start-Molde på måndag, og 3 påfølgande Molde-kampar live medan me er heime, så står høgdepunkta i kø.
Gledar meg til å komme heim på ferie!! :)

Kanskje blir det ny tur hit??

Ingen kommentarer: