fredag 24. juli 2009

Ro, ro til fiskeskjær, kor mange fiskar får me der?

Ikkje at me akkurat rodde, men i går var me på fisketur. Eg, Per Gunnar og Nye. Me prøvde ut fleire forskjellige fiskeplassar, litt på måfå, sidan me ikkje er så fiskekjent her... Etter at eg hadde satt fast snøret i botn for tredje gong, og Nye hadde fløkt snøret sitt, hadde me meir eller mindre gjeve opp å få fisk.



Men som de ser var Per Gunnar som alltid
optimistisk. Men etter at han hadde prøvd å floka opp snøret til Nye i nærare ein time, begynte også han og miste motet.
Men når snøret var oppfløkt, og Nye skulle dra opp resten av snøret, kva dukka opp då? Jau, ein makrell!
Den slappaste makrellen nokon sinne, den hadde nok hengt ei stund på snøret. Gavmild som Nye er, fekk Per Gunnar fisken, så då vert det fisk til middag for han i dag. Uheldigvis for meg vart det med den eine fisken, så det blir nok ikkje nok mat til oss begge, så eg må finne meg noko anna til middag i dag!;)

Ingen kommentarer: