fredag 1. oktober 2010

Oslotur!!

Forrige helg tok eg og Per Gunnar turen til sjølvaste hovudstaden, der me besøkte Linda og Michal. Me reiste på førmiddagen på laurdag, og var heime att tysdag kveld. Når me kom vart me henta på Gardermoen av Linda, så var det ein snartur innom leiligheita, før me satte kursen mot Lillestrøm og Moldekamp. Michal vart letta då Molde fekk mål på slutten, med tap såg han for seg ein "triveleg" laurdagskveld saman med sure Moldesupportarar. På veg heim stakk me innom ein restaurant og fekk oss noko god mat.


På sundag var me først og såg på barnehagen som Linda jobbar i, medan resten av dagen stort sett gjekk med til fotball. Først med United-kamp på TV (saman med Linda's krydderkake), så bars det avgarde for å prøve fotballgolf. Artig var det, men til tider ganske så frustrerande òg.


I kveldinga fekk me servert ein betre middag, då den svenske stokkanda kom på bordet saman med heimelaga appelsinsaus og anna tilbehør. Nydeleg middag! Etterpå såg me VIF-Brann på TV, sidan Per Gunnar tykte det vart for kaldt å reise til Ullevål. Fekk òg med oss ein del Ludo-speling i løpet av helga, med ivrige deltakarar.



På måndag medan Linda og Michal var på jobb, tok eg og Per Gunnar turen til Tveitasenteret, som eg trudde låg rett borti vegen der. Vart litt lenger å gå enn me trudde, menmen. Der fekk Per Gunnar kjøpt seg eit par sårt tiltrengde innefotballsko, i tillegg til at me var på kafé saman med alle pensjonistane, og sørlendingar som me er, kjøpte me oss kvar vår sørlandsbolle. Når me kom heim att måtte eg ha eit bilete saman med ei av solsikkene utanfor blokka deira.


Måndagskvelden var eg, Linda og Per Gunnar på kino og såg Varg Veum, ikkje spesielt folksamt på kino i hovedstaden heller, sjølv om det kom nokre fleire etter dette bilete vart teke.


Tysdag vart nytta til å pakke og reise, i tillegg fekk me med oss eit siste slag med Ludo, og litt speling på Nintendoen før avreise.

Ingen kommentarer: