måndag 15. mars 2010

Onkel politi og Vollen-cup

Då var helga over, og på laurdag tilbrakte me ein god del av dagen i Ueneshallen på Vollen-Cup! På veg opp til hallen vart me imidlertid stoppa i politikontroll. Det var ein rutinekontroll, der me måtte vise vognkort og førarkort. Einaste problemet var at eg som var sjåfør for dagen ikkje hadde med meg førarkortet, fordi pengboka låg igjen heime sidan me skulle på cup. Me hadde berre med oss noko cash, slik at me ikkje trengte å passe på pengbøkene medan me spela.. Andresjåfør Per Gunnar hadde heller ikkje med seg lappen, så det var jo flott det. Me viste han vognkortet, og han tykte me såg så ærlege ut, så det gjekk greit for denne gongen. Gjett kven som ikkje lenger har førarkortet i pengboka, men som har lagt det i bilen for godt??

Politiet, her representert ved min barndomshelt Pelle Politibil

Så over til cupen. Som tidlegare nemnt, var det berre 3 damelag med, så me skulle spele dobbel serie, dvs to kampar mot kvart av laga. Første kampen starta med tildels nervøst spel, men me rodde i land ein 1-0 seier. Dei to neste kampane våre endte òg 1-0, og då hadde me allereie vunne cupen, sidan dei to andre laga hadde spelt uavgjort mot kvarandre. Siste kampen dobla me antal mål, og vann 2-0! Eg vart faktisk toppscorar med 3 mål! :) Sidan me no har vunne cupen 3 gonger (i 2007 og 2009 i tillegg), så fekk me òg vandrepokalen. Så då var det duka for litt feiring på kvelden, med pokalfest på Grand Hotell.

Det gjekk ikkje like bra med laget til Per Gunnar, men det skal seiast at både kvantiteten og kvaliteten var betydeleg høgare i herreklassen. Dei vart dermed utslått etter gruppespelet...

Frå pokalfesten på kvelden