laurdag 1. mai 2010

Den fjerde toppen vart Storevarden!


I dag var det igjen dags for ein fjelltur, og Storevarden var det store målet. Me såg på kartet at ein kunne starte på to forskjellige plasser, og late som me er, valgte me den vegen som såg kortast ut... Me gjekk oppover ein ganske blaut skogsveg (med joggeskor sjølvsagt), og hadde komme ganske langt, då me traff på tre andre turgåarar, nokre spreke halvgamle damer. Dei óg var på veg til Storevarden, men kunne ikkje finne vegen. Så me alle fem gjekk og surra og leita etter raude merker og stiar, men måtte til slutt kapitulere og starte på nedturen. Så det endte med at me gjekk opp den andre vegen, så til toppen kom me oss til slutt likevel. Etter den lange turen var det skikkeleg godt å komme seg heim att til ein varm dusj og middag!


Ingen kommentarer: