laurdag 26. juni 2010

Fiskekonkurranse og båthelg!


I går var me med på fiskekonkurranse, innsatsen var større enn fangsten, men me fekk då nokre fiskar, sjølv om me måtte kaste uti att dei fleste pga størrelsen.. Vart ikkje nokon pokal på oss for å seie det slik, men artig var det.


Så fann me ut at det hadde vore artig og tatt ei overnatting i båten, så då var det heim for å proviantere og pakke, så fann me vegen til Torsøy igjen. Der var det reker og kvitvin på gang, før det bars til sengs i båten.


Kaldt i dag tidleg når me vakna, før sola byrja å varme utpå føremiddagen, har vore ein knallfin dag i dag, med bading, soling, roing og avslapning. Aftersun var greit og ha når me kom attende no for å seie det slik, trur alle fire vart litt solbrent, men det høyrer jo med det óg!




Ingen kommentarer: