søndag 29. august 2010

Tur til Brufjell, topp nummer 17!!


I dag tok me oss ein fjelltur i finvêret, til Brufjell denne gongen. Eit fjell i nærleiken av Åna-Sira, med super utsikt over havet. Me bestemte oss i dag for å - i tillegg til å gå på toppen - ta turen ned til dei mange jettegrytene som befinn seg lenger ned mot sjøen. Før har me alltid berre vore på toppen, og ikkje tatt sjansen på å ta turen ned. Litt bratt var det enkelte stader, men me kom oss velberga ned.





Der fekk me sett jettegrytene, eit ganske så stilig skue! Så var det opp att, før me starta på tilbakevegen, tok ein annan sti då, slik at me fekk gått innom den fine rullesteinstranda som ligg der. Der vart det ein kjapp dukkert, ikkje kjempevarmt i vatnet akkurat, men godt å få kjølt seg litt ned i varmen.