onsdag 9. februar 2011

Bursdag i dag!! :)


I dag blir eg jaggu heile 27 år! Nesten så eg byrjar å verte vaksen, men berre nesten. Har feira dagen med smørbrød og is på jobb, fekk òg ein fin bukett med blomar! Når eg kom heim stod nachosen klar på bordet, snille Per Gunnar diska opp med deilig middag i dag! Etter kvart vart det pakkeopning, og etter det igjen gele! Og i tillegg har MFK nett vunne 3-0 over Hødd i treningskamp, dei byrjar å finne formen no! Har fått mange fine gåver i dag, og mange helsningar, tusen takk til alle saman!




Ingen kommentarer: