søndag 8. mai 2011

3 toppa i ein sleng!

I dag slo me på stortromma, og begav oss ut på langtur. Først var det på med hjelmen, og sykling bort til Loga, før me vendte nasen mot topp nummer 1: Anneråsen.


På toppen fekk me oss ein fortjent Bixit-turbar, før turen gjekk vidare mot Søylandsvarden. Der var det eple som stod på menyen! Sol og fint i dag, men ganske bra med vind, særleg når me kom til topps!


 Til slutt stakk me innom Bærtjørnknuten, der nok ein Bixt-turbar vart fortært, som kjend: Utan mat og drikke dug helten ikkje! Når me fekk karra oss ned, hadde det vore eit meir gledeleg gjensyn om Mazda'n hadde stått klar, men diverre var det berre to syklar som stod der. Så då var det ingen nåde, det var berre å trakke på..!


Ingen kommentarer: