tysdag 9. august 2011

Mamma-besøk!

Torsdag kom mamma fykande i SørVestEkspressen frå Stavanger, og var deretter "kasta" inn i bilen vår, og plutseleg var ho i Kristiansand. Måtte jo ha med oss kampen mot Start, og det vart seier gitt! Fredag medan Per Gunnar var på arbeid, vart det tid til litt shopping for oss to. I kveldinga gjekk me oss ein tur til det nye utsiktspunktet på Lilleheia, fin utsikt over byen og fjorden.



Etter turen vart det fotballkamp på fjernsynet, potetgull og øl på bordet, og det første slaget med vriompeis vart spela, eg vann!

Laurdag tok me først turen til Moi for å sjå på jobben til Per Gunnar, før me etterpå tok båten ut til Torsøy. Der vart det grilling, bading og soling!



Om kvelden vart det vriompeis igjen, då var det mamma som stakk av med sigeren.

Søndagen starta med nok ein omgang med vriompeis, og då fekk endeleg Per Gunnar sin seier. Etterpå bars det avgarde på fjelltur, då me gjekk til Høgåsen. Då fekk eg og Per Gunnar vårt 13.klipp i "ti på topp"-folderen vår!






Etter ein vel gjennomført fjelltur, gjekk turen til Moi for å spele minigolf. Alle greidde "hole in one" på nokre av banane, sjølv om nokon endte om med mindre poengsum enn andre.


Etter golfinga køyrde me til Kvinesdal og Utsikten, der me først fekk sett ein artig bil, og etterpå fekk oss ein god middag. Dei hadde buffét, så me var å forsynte oss både tre og fire gonger! Vart mett ja!! Etterpå var me ute på utsiktspunktet og såg utover Fedafjorden, flott utsikt!






I går fekk me shoppa litt igjen, før mamma pakka kofferten og satte seg på bussen attende til Sola. Takk for eit hyggeleg besøk!!

Ingen kommentarer: