onsdag 7. september 2011

Langhelg i Aberdeen!


Fredag morgon satte me oss på minibussen med kursen for Sola og deretter Aberdeen, saman med ti andre frå Vollen FK. Når me kom fram til hotellet og skulle sjekke inn, fekk eg og Per Gunnar beskjed om at me fekk det finaste rommet på heile hotellet!! Så då hadde me stort rom, stor seng, sofa, musikkanlegg, vifte, to dusjar, badekar, to vaskar, og tv på badet! Snakk om luksus, og snakk om heldiggrisar.


Fredagen såg me oss om litt rundt i sentrum, shoppa litt, og var innom nokre barar, og ikkje minst fekk me sett den første mannen i kilt.


Laurdag måtte me forholdsvis tidleg opp, for då sto det ein buss og venta på oss klokka 10, for me skulle på sightseeing. Først stoppa me i ein liten by der me fekk sett oss litt rundt, så stoppa me på eit whiskeydestilleri med namn Royal Lochagar. Der fekk me sett korleis dei lagar whiskey og ein smaksprøve vart det óg på oss.



Medan me sat i bussen fekk me plutseleg vite at me skulle avgarde å sjå på "Highland Games" som er eit skotsk idrettsarrangement, med skotske øvelsar. Der skulle óg sjølvaste dronning Elizabeth komme!


Men det som var dagens høgdepunkt, var når me fekk sjå stokkasting!! Akkurat som på spelet me hadde på vår Commodore før i tida!! I tillegg var det tautrekking, sekkhopping (for ungar) og diverse springeøvelsar. Det var ein heil haug med folk og såg på!




Laurdagskvelden var me ute og åt middag saman, før me fortsatte med noko god drikke utover kvelden.
Søndag vart det nok ei shoppingrunde, og me for å vasa litt i byen.


Kyrkje utanpå....bar inni!



Per Gunnar fekk endeleg prøvd ein dobbeldekkar når me kom på flyplassen, om enn ikkje i fart...

To innfødde!!

1 kommentar:

Linda sa...

Hahaha! :-) Trudde i skulle flire me ihjel tå det øverste bilde!!! Såg arti ut å vare i skottland då, skikkeli go sekkepipestemning. Å såg ut so det va eit bra kast, stokken gjekk hælt rundt, syns å huske at d va bra på commodoren! :-)