onsdag 12. september 2012

Carlisle i England

I helga tok me turen til England saman med Vollen FK. Hadde ei fin helg med fotballkamp, sightseeing, båttur, roing og shopping for å nemne noko.

Laurdag tok me buss saman med Carlisle United sine supportarar til bortekamp i Hartlepool, der me fekk politierskorte dei siste kilometra, det var ganske tøft. Utanfor stadion krydde det av politiar, trur ikkje eg har sett så mange politi samla på ein stad før! Calisle stakk óg av med sigeren, så då vart stemninga god på veg heim.
 


Traff óg på nokre politifolk ein kveld, og måtte då sjølvsagt ha eit bilete.


På søndag tok me buss til Lake district, der me både var på båttur, og var (nesten) ute å rodde!


  
Måndag var det tid for shopping, då me stoppa nokre timar på eit kjøpesenter i Newcastle før me skulle til flyplassen. Der hadde dei det meste, så det vart litt handling på oss, i tillegg til at me fekk tatt eit par rundar med bowling.

Ingen kommentarer: