søndag 18. november 2012

Ganske så bra fotballhelg!

Har hatt ei super helg med mykje fotball, som starta fredagskvelden på Moi, med årsfest for Moi IL. Her var det mykje god mat (og drikke), samt utdeling av pokalar. Fekk jaggu med meg to pokalar heim derifrå, toppscorar og årets spelar.


På laurdag bars det til Kristiansand på turnering, der eg skulle vere med både Vollen FK i bedriftsklassen, samt Moi i aktivklassen. Etter ni kampar stod eg igjen med gull med Vollen, samt bronse med Moi. Dette vart ein fin men litt slitsam dag.


Per Gunnar var óg med å spela, dei kom seg vidare til 1/8-finale på søndag, men då var det eit par av gutane som ikkje kunne vere med, og forsterkninga (les: Heidi) som blei med var ikkje mykje til hjelp.. Møtte nokon gamle Viking- og Bryne-spelarar, og me hadde igrunnen ikkje sjans!

På søndag kveld toppa det heile seg med Molde- og Sandnes/Ulf-seier, og dermed GULL til Molde!! Jubelen stod i taket, og konjakken måtte fram!!

2 kommentarer:

Linda sa...

Kossn lag so he kossn drakte? Vollen so e rød? Din pokalsankær asso, blitt so go på dine eldre dagæ? Hehe, nærmæ det 30 du au no væt du... ;-)

Heidi Iren sa...

Stemme d, Vollen e kvit å rød!
Ja, du sæ nåkkå, dreg på åræ væt du :-)