Då er me tilbake frå 14 herlege dagar på Bali, der me har storkosa oss! Har fått oppleve mykje spanande og nytt der, samtidig som me har bada og kosa oss.
Her kjem nokre bilete frå hotellområdet:
Millionærar vart me óg medan me var der:
Me har óg vore på ein del utflukter, blant anna har me vore å bada i lag med ein delfin, vore å rafta, og vore i ein elefantpark, der me fekk ri på ein elefant!
Elefantmat:
Ein dag var me på tur med eigen sjåfør og guide, då var me blant anna innom eit tempel, ein dyrehage og ein apeskog:
Har óg fått med oss ein del av den balinesiske kulturen og kvardagen, har vore rundt å sett på folk som arbeider, blant anna ei kvinne som bar stein på hovudet, me har vore heime hos to balinesiske familiar, og me har fått sett rismarkene deira.
Hadde og ein overnattingstur til ei øy utanfor Bali, som heiter Gili, der var det fine strender, og gode snorklemoglegheiter. Det er ingen bilar på denne øya, me tok dermed hestedrosje til hotellet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar