onsdag 15. mai 2013

Båttur, fjelltur og grilling!

Forrige søndag hadde me ein super dag, då kom nemleg årets første sommardag til Flekkefjord. Me pakka ombord i båten, og køyrde til ei bryggje ute i fjorden. Derifrå gjekk me på to toppar, Gården Li og Kjørsfjell, som dermed vart topp nummer seks og sju. Det var opning av Gården Li for året, så då fekk me kjøpt oss bakels, og me fekk omvisning inne i bygninga. Traff òg eit eksotisk dyr.





Etterpå rusla me ned till bryggja for å grille. Deilig og varmt vêr var det, og Per Gunnar hadde lyst å bade, men mangla dessverre handduk. Etterpå køyrde me båten rundt heile Hidra! Nesten så me vart litt solbrente på nasen etter denne dagen.

Ingen kommentarer: