Forrige helg stappa me båten full av bagasje og syklar, og la avgarde på langtur - vertfall i forhold til kor me brukar å køyre med båten. Me satte kursen ut fjorden, og mot båttrekket på Listeid, der båten vart dratt på land og køyrd til neste fjord. Me fekk sitje i båten under traktorturen, og berre det var jo ei oppleving.
Farsund by
På laurdagen for me på sightseeing i skjærgarden utanfor Farsund, og hamna då til slutt på Skarvøy, der me kosa oss med bading og ein liten fjelltur.
Etterpå var me og såg på forhistoriske stader, først var me og såg på pikksteinen, og då vart me òg plutseleg invandert av ein stor flokk med kyr/oksar, truleg på grunn av at Per Gunnar hadde raud sekk på seg.
Etterpå var det helleristningane på Penne som stod for tur:
På veg mot Lista fyr måtte me stoppe for å ta bilete av desse søte skapningane:
Lista fyr:
Me låg i Farsund frå fredag til måndag, då me køyrde inn Rosfjorden til Lyngdal, der me hadde ei overnatting. Var på Rosfjord Fjordhotell og åt middag etter å ha vore i Sørlandsbadet.
2 kommentarer:
Såg ut so ein bra tur då! Heldi mæ vêret au ser i! :-) Månge fine bilde.
lebron james shoes
kd shoes
golden goose outlet
jordan shoes
stone island
goyard bags
moncler
moncler sale
moncler
jordan shoes
Legg inn en kommentar