laurdag 28. mars 2009

Quiz-kveld

I går var det fredag, og det er no det same som quiz. I og med at me vinn månedspremien kvar gong, som er ein middag for 6, møtast me på Maritim kl 8. Eg var so heldig at eg fekk min favorittmat; tapas. Eg som er altetande, vart super-happy og frotsa i løkringar, kamskjel, kyllingvingar og andre mystiske ting. Loffen var god da, og det same var desserten! :)

Mens me venta på at quizen skulle byrje, vandra me bort til det røyklagte nabolokalet, der det skulle vere moteshow. Motebevisste som me er, sto me omtrent først i køa, og var so heldig at me fekk med oss ein velkomstpose, noko som serleg slo an blant Emil og Nye: leggings :p
Men det me ikkje var heilt klar over, var at moteshowet ikkje skulle starte før halv 11, so me måtte berre gå slukøra/letta (stryk det som ikkje passar) tilbake til quizen, utan å ha sett ein einaste moteriktig person...
Anyway, stort oppmøte på quizen i går, beinhard konkurranse. Ikkje frå det andre laget, men frå moteshowet. Me cruisa inn til seier, i og med at det andre laget kun bestod at eit gamalt fullt ektepar fra Jæren. Dei klarte heile 3,5 poeng i første runde, og 1 poeng i andre, so då seier det seg sjølv at det vart bongar på oss, og noko godt i glaset som premie. Fann òg ut etter å ha sett dei to på det andre laget: det er best å drikke nok når du er ung, so du slipp å oppføre deg slik når du blir gamal. Den heftige dansinga, ravinga, og påfølgande somne i stolen og bli kasta ut etterpå, tok seg liksom ikkje heilt ut for ei dame i 50-åra... Me tok ein tidleg kveld, men ikkje so tidleg, so kvifor eg kl 7 i dag tidleg var ljos vaken og måtte stå opp, er for meg eit mysterium.

Sidan eg ikkje tok eit einaste bilete i går, måtte eg sniklåne det eine som Per Gunnar tok :)

Ingen kommentarer: