onsdag 9. september 2009

Sardinia - here we come!! :)

I morgon reiser me til Italia og Sardinia, nærmare bestemt Capoterra utanfor byen Cagliari. Sjølv om det etter vêrmeldingane ikkje akkurat er meldt det beste vêret, så blir nok dette bra! Reiser til Sandnes i dag, for å overnatte på eit motell der, sidan flyet går så tidleg i morgon. Me skal mellomlande både i Amsterdam og Milano, og skal etter planen vere framme på flyplassen i Cagliari klokka 15.10. Koffertane er omtrent ferdig pakka, så spørs det om me har med oss det me treng eller ei. Så no ser me fram til ei veke i varmare strok, der me skal slappe av og kose oss! Me gler oss!! :-D


Her finn de ein link til hotellet: Hotel Santa Lucia Capoterra

Ingen kommentarer: