tysdag 22. september 2009

Då er hausten komen!

Når me kom heim frå Sardinia, hadde det skjedd ei endring i Flekkefjord. Det hadde nemleg vorte haust... Trea hadde fått sine flotte haustfargar, og temperaturen var ikkje lengjer den samme. I går måtte eg rett og slett på med den tjukkaste jakka mi. Sjølv om det går mot mørkare tider, så er hausten ei vakker tid. Ser fram til fine fjellturar no utover, der me kan nyte den fine naturen vår. Og sjølv om det regnar i eitt sett, så er det deilig å kunne å kose seg innandørs, gjerne med ein kopp kakao og ein god armkrok! Nyt hausten folkens!



Ingen kommentarer: