laurdag 24. oktober 2009

På kurs!

I går var eg og Trond Arve på kurs på Sola; Skatt 2009 - Aktuelle skattespørsmål. Det viktigaste når du er på kurs, det er maten. Og med popcorn- og softismaskin i gangen er det ikkje så enkelt å halde seg på matta. Eg starta dagen bra med å ete frukt frå fruktbaren i den første pausen, åt både banan, eple og litt melon. Verre var det i den andre pausen, då kasta eg meg over softisen. I pause nummer tre var det klart for ein boks med popcorn!



Så var det jo klart for lunsj - kursets høgdepunkt. Det var da buffét, og mykje godt å velgje mellom. Starta først med karbonade med lauk, vanlege potetar og litt grønsaker, men så kom eg litt lengjer bort, og fekk auge på fløtegratinerte potetar, måtte ta ein "desj" med det òg. Observerte òg at dei hadde taco, så når eg hadde ete opp min første porsjon (og eigentleg var ganske mett), fylte eg opp fatet med det òg. Namnam! Så var det klart for dessert. Tok litt sjokoladepudding med vaniljesaus på, samt eit kakestykke, og hadde tenkt å gå og setje meg, men dei hadde jo italiensk is!! Måtte jo ha litt av det òg. Me hadde tre kvarters lunsjpause, og eg rakk akkurat og stappe innpå alt dette før kurset byrja på att. I neste pause var eg forsatt så mett at eg ikkje orka tanken på meir mat, men med endå ein time med skatt innabords, vart eg igjen lysten, og tok meg likesågodt både softis og popcorn.. Skulle ikkje tru eg treng å ete på fleire veker attpå dette... Bra eg ikkje er på kurs kvar dag vertfall!



Ein annan ting som går an når du er på kurs, det er å hamstre ting. Det sit fleire folk uti gangen på forskjellige stands, med penner, nøkkelhankar, drops osv. i tillegg til alle brosjyrane sine. Eg beherska meg litt denne gongen, og kom heim med kun to penner. Litt verre syns eg det var for ein litt eldre kar som tok seg til rette under middagen, og stappa innerlomma full av tannpirkere, han hadde sikkert ikkje råd til å kjøpe seg det sjølv, så det var godt han kom seg på kurs!


3 kommentarer:

Anonym sa...

d va no fole t matfjas på d på kurs då... ;-)

Heidi Iren sa...

ja, d kan du trøgt sæ... matvrak kallæs d trur i! :p

Lena sa...

Si fra neste gang du skal på skattekurs da Heidi! Så joiner jeg. Man får det ikke mer morro på kurs enn man gjør det til selv!

PS! Artige blogger du har lagt ut - legg ut mer :)