måndag 26. oktober 2009

Diverse fra helga!

Fredag var me som sagt på VAMP-konsert, men sidan me måtte slå av mobiltelefonane våre under konserten fordi den kunne forstyrre pacemakeren til ein i bandet, så fekk eg diverre ikkje teke bilete... Legg heller ut nokre bilete frå vorspelet og frå Maritim etter konserten.

Ann-Marie, Nong og Reidar.


Hilde.


Arnstein, Per Gunnar og Emil.


I går var me på fjelltur, på Stolsåta, det betyr at me har tatt alle 15 toppane for i år. Det var vått og surt ute, og på toppen holdt me på å fryse oss ihjel medan me skreiv oss inn i boka. Godt me er ferdige!! Sidan det låg regn i lufta, vart mobilen igjen i bilen, dvs ingen bilete frå turen...