søndag 6. mars 2011

Supersøndag!

I dag har det vore eit fantastisk fint vårvêr, så då måtte me benytte anledninga til å komme oss ut ein tur. Så innemellom VM og VM, laga me oss bakels og kakao, og tok turen ut på isen. Der skøyta me oss rundt ei stund, før me tok oss ei velfortjent pause og kosa oss i sola. Våren er no på full framgang, så det spørs om det er siste turen vår på skøyter for denne sesongen.








No etterpå har me sjølvsagt fått med oss den avsluttande øvelsen i ski-VM, nemleg 5-mila. Og den gjekk no fin-fint! :)

2 kommentarer:

Linda sa...

Det såg kosli ut mæ bakels å kakao ute på isen! Me va uti læpå på 5-milæ i dag, ha kakao å toddy! :-)

Heidi Iren sa...

Åja, dåkkå va uti der ja... Såg dåkkå ikkje sørrø, so trudde ikkje dåkkå va der, hehe ;)