laurdag 26. mars 2011

Årets første fjelltur!

I finvêret i dag snørte me på oss fjellskoa og då bars det i veg på fjelltur. Hadde eigentleg tenkt oss på ein annan topp, men sidan me hadde vorte inneparkert, vart det ein tur på Storeheia istadenfor. Med blodappelsin som niste, starta me med godt mot opp mot toppen. Var uvant med fjelltur igjen, sjølv om det ikkje var lange vegen, men opp kom me oss vertfall! Fin utsikt over Flekkefjord.





Per Gunnar måtte frampå kanten som vanleg...

Ingen kommentarer: