søndag 2. oktober 2011

Sommar i oktober!

Skikkeleg deilig vêr i går, over 20 grader og sol, shortsvêr!! Det måtte me benytte oss av, og var ute mest heile dagen. Først tok me oss ein sykkeltur, her er bilete frå eit utsiktspunkt med utsikt over byen.



Etterpå hadde me med oss ein haug med pikk-pakk, og for på stranda på Grønnes. Der låg me rett ut i sola og kosa oss, spela litt badmington, triksa fotball og spela kort. Grilling vart det sjølvsagt òg tid til.


1 kommentar:

Linda sa...

So hærli! Her he det bære vore grått hæle hælgæ...å i dag binnte det jaggu å regne au. So no e nok hausten komme hit.