søndag 16. oktober 2011

Båttur og fjelltur

Me har hatt ein fin søndag så langt, med båttur og fjelltur, og medan me no ventar på kampen i kveld, så står fårikålet og putrar på komfyren! Først tok me oss ein båttur, eigentleg berre fordi det var så lengje sidan sist me hadde starta båten, så me putra oss i veg, og hadde tenkt å ta ei runde rundt Torsøy og attende. Per Gunnar slengde ut snøret berre for artig og plutseleg fekk han napp gitt! Og opp kom ei fin aure, som vart fortært til lunch! Me fekk òg sett opp til fleire svanefamiliar på tur!



No i ettermiddag tok me oss ein tur opp på Høgfjell, fin utsikt som alltid! Og MFK-huene er så klart på på kampdagen!



1 kommentar:

Linda sa...

Me he au ete fårikål i dag! På Råholt. No e d strax kamp, må vel hære på radio´n i då... Heiæ Molde! :-)