søndag 25. mars 2012

Superlaurdag

I går var det tidleg opp, for å komme oss ut på (blå)tur. Det var jo tross alt årets første sommardag, det føltes vertfall slik. Så klokka 9 presis, satte me oss på syklane og sykla til båten. Syklane vart lasta ombord, og utover fjorden bars det. Køyrde til Dåtlandsstrand, der med fortøyde båten, og starta på ein fjelltur. Fekk to klipp, så no er me i gang for alvor!


Først gården Li, og så Kjørsfjell. Her er det super utsikt utover Hidra og havet!!






Når me kom ned att til båten, vart det grilling på brygga, og litt avslapning i sola, digg!!
 


Så pakka me saman, og ferden fotsatte gjennom kanalen på Hidra, og ut til Rasvåg. Der steig me i land, og på syklane. Hadde oss ein fin tur til Kirkehamn og attende, mange bakkar på Hidra gitt...



Så vart det på tide å starte på heimvegen, slik at me kom oss heim før det vart mørkt.



Årets første jordbær!!

2 kommentarer:

Linda sa...

Jøsses! Det va litt tå eit program... Ikkje verst. Såg fint ut då! :-)

Heidi Iren sa...

Ja, va hardt program, vart hælt åtgått når me kom hæm i..! :-)