torsdag 8. mars 2012

I helga...

...så hadde me årets første grilling - med grillsjef Per Gunnar og pådekkingssjef Heidi.


...så har me vore på kino og sett Kompani Orheim.

(Henta frå filmweb.no)

...så har me skifta olje på båten - av maskinist Per Gunnar og andremaskinist Heidi, og hatt årets første båttur - med skippar Per Gunnar og matros Heidi.


...så har me gått ein minitur og mata ender...


...og måsar


- så har me kjøpt oss takke og steika svele - med sjefskokk Heidi og nestsjefskokk Per Gunnar.

1 kommentar:

Linda sa...

Åhhhh, no vart i misunneli asso...SVELE :-) Ka kostæ takkå? Tatt fram grilln allereie dåkkå då, vår står ute hæle tiæ, men me he ikkje haft plane om å fyre den opp endå. Her kom d no eit lass mæ snø i går, so ekje akkurat nåkkå grillsesong rekti endå. No e d oppussing tå soverom so står på planæ.