torsdag 11. februar 2010

Bursdagsfeiring!


På tysdag fylte eg som kjend heile 26 år, og då måtte me feire litt både her og der! Når eg kom på jobb, hang det ballongar både i gangen og inne på kontoret mitt, me hadde smørbrød til lunsj, dei andre song bursdagssongen til meg, og eg fekk denne nydelege blomen:


Gjekk heim frå jobb allereie klokka 4, (: det var greit det!! :) Eg og Per Gunnar kosa oss med nachos (og brus) til middag, og is og peanøtter til dessert, nam-nam!



Den kjempesnille guten min, Per Gunnar, hadde slått på stortromma og kjøpt eit videokamera i gåve til meg! Så no blir det filming framover, må berre sette meg inn i korleis det funkar først. I tillegg fekk eg tilsendt gåver frå både her og der, og eg fekk mykje fint, berre sjå her:







Tusen takk alle saman!

Eg hadde ein rett så triveleg bursdag! :)

Ingen kommentarer: