torsdag 25. februar 2010

Ikkje stol på Norwegian!!

Eg og Per Gunnar bestilte rett over nyttår flybillettar heim i påska, frå skjærtorsdag, til onsdagen etter, og me var godt fornøgde. Planla det så klart slik at me både får med oss kamp før (Start-Molde) og medan me er heime (Molde-Brann), ganske rimeleg vart det òg, i og med at me bestilte i såpass god tid i forvegen. Men i går fekk eg ein mail om at det hadde skjedd ei ruteendring, og tenkte jaja, det er vel ikkje noko problem. Men der tok eg grundig feil, mailen viste nemleg følgjande:

Litt vanskeleg å reise frå Oslo kl 0740 når ein ikkje kjem til Oslo før klokka 1200 kanskje?? Og akkurat same opplegget på veg attende igjen òg... Håplaust! Ringte inn til dei då, og ho tykte det var eit rart oppsett ho òg. Dessutan kunne ho fortelje meg at det var ikkje eit einaste fly på skjærtorsdag som korresponderte frå Stavanger til Molde, det er jo flott det. Så no er det ikkje godt å seie kva tid me kjem heim, spørs om me vel SAS neste gong, dette er vertfall håplaust!!

Per Gunnar på flytur i eit tidlegare høve

Ingen kommentarer: