måndag 15. februar 2010

Cupgull og scootertur!


På laurdag var eg på Tonstad på fotballturnering, der me stilte eit litt blanda lag frå Flekkefjord. 8 lag deltok, og me tok oss vidare til finalen som puljevinnarar etter straffesparkkonkurranse om puljeseieren. Me scora det første målet ganske tidleg i finalen, og 1-0 sto seg til det var eit par minutt igjen, då Gry vart felt og me fekk straffe. Den satte eg sikkert i mål, og 2-0 haldt seg heilt inn, så då vann me heile greia. Hadde ikkje dei aller største forventningane før me starta, i og med at det var fleire "ordentlege" lag med, sjølv om me sjølvsagt håpa på å komme oss langt. Men med ein gjennomsnittsalder på 34 tok me dei nok på rutina. Eg var heldig og fekk med meg både den eine og andre pokalen heim:)


Når premieutdelinga var ferdig, og dusjen unnagjort, for me avgarde oppover til hytta til Mette. Det siste stykket opp vart me køyrd på snøscooter, det var artig!:) På hytta vart me servert nydeleg elggryte, og litt vin fekk me òg i oss. Det var skikkeleg koseleg! Det vart ein lang og innhaldsrik dag! :)

2 kommentarer:

Linda sa...

D va nåkkå t pokalæ du! Binnæ å bli stor na samlingæ di no, syns du tek mæ d hæm alle lagpokalæin dåkkå fer.. hehe! ;-) GRATTIS!!!

Heidi Iren sa...

ja, må snart utvide premiehyllå no asso!:) Men fekk ikkje mæ me lagpokaln na gången her, ta der va ein sånn som alle fekk. sa hine mænte i fekk so månge på laurdan, so i kunte ikkje få den æu!;)