torsdag 20. august 2009

Krabbefest!



Høyrde rykter om ein heidundranes krabbefest på Lyngstad her om dagen. Sidan eg er så glad i krabbe, inviterte eg likesågodt meg sjølv. Eg pakka ned rusbrusa mi, og for avgarde. Krabbekokaren Nerland var redd for at det skulle bli for lite krabbe, men der bekymra han seg unødvendig. Sidan verken krabbedykkaren eller nokon av brødrene hans dukka opp, vart det ikkje mange krabbeetarar att. Nerland fekk servert brus som smaka litt rart, medan Per Gunnar tok seg eit par pils. Liv Mary smakte så vidt på ei krabbeklo, før ho evakuerte inn i stova. Per Gunnar åt til han ikkje klarte å stå beint lenger, medan Nerland var noko småspist, og måtte inn og ta seg ein yoghurt etterpå.


Sofus var spent på kva dei rare skapningane var for noko, så Nerland måtte stadig jage han vekk så han ikkje fekk ei klo rundt labben. Han snusa òg på krabbekjøttet som dei to karane rota ned på platten, men det fall ikkje heilt i smak. Han tok derfor ein strekk på senga i staden for.

Ingen kommentarer: