søndag 23. august 2009

Søndag

Per Gunnar vart med til Gossen etter kampen i går, medan me i dag fekk besøk av Nerland og Liv Mary. I dag tok eg og Per Gunnar dei to postane eg hadde igjen på Gossen; Jermannsburet, Gossen's høgste fjell på heile 99 meter, og Emmershaugen.

Etterpå var me ute å prøvde jolla, rodde ut til den nærmaste holmen, der me steig i land og bada. Me traff òg ein hest på vegen.

Så fekk me storbesøk, og Hilleborg varta opp med kotelettar til middag, og lefser og ostekake til kaffien. No blir det nok fotball resten av kvelden!

Ingen kommentarer: