fredag 21. august 2009

Toppturar i Julsundet!


I dag for eg og mamma avgarde til Julsundet for å ta dei 4 postane i "10 turmål i Aukra kommune". Me satte avgarde med godt mot, men den første bakken opp til Fangholsetra var lang og bratt... Mamma hadde med seg stavar, så ho hoppa seg over alle vasspyttane oppgjennom til Pe'skaret. Etter kvart kom me oss på både Storklauva og Svarnakken, medan me åt litt niste på vegen.

Når me byrja å gå skein sola på ein blå himmel, men når me nerma oss post nummer tre, byrja det å komme nokre regndråpar. Mamma trur som kjent at ho ikkje er vasstett, og vart litt bekymra når ho fekk regn på brillane. Men når me hadde starta på turen bort til Hundetjønna gav regnet seg, og sola kom fram igjen. Så då hadde me knekt alle toppane, og kom oss attende på ferjekaia. Der måtte me kjøpe oss is! :) Då har eg berre to postar på Gossen igjen, så har eg alle ti, og vil få meg eit velfortjent turkrus!

Ingen kommentarer: