torsdag 20. august 2009

Tur til Stortua



I går fant eg og Per Gunnar ut at me skulle bestige Stortua, Lena skulle òg vere med. Sidan Nerland er så sprek, og ikkje fekk nok når dei var på Melen dagen før, slo han seg med han òg. Lena hadde tjuvstarta og var i gang før me andre tre kom. Når me kom til den første postkassa, sat ho der i støvlane sine og venta på oss.
Så fortsatte me oppover, og me kom oss til topps alle fire. Der var det fin utsikt, og me fekk Jan Erik til å rive seg laus frå pc’n slik at me fekk vinka til han. Me fekk skrive oss inn i boka, og der eg måtte skrive at dette var min første tur for året, var det andre som hadde nokre fleire, berre firehundreogeitelleranna turar, ikkje verst.
På vegen ned igjen møtte me på nokon krøllete skapningar med bjeller på. Dei holdt på med noko mystisk bak eit tre...






Når me var nedkomne, skulle me fare og hente Dina i barnehagen. Men sidan Nerland ikkje var til å sitje i same bil som, både svett og med krabbe-skjorta fra dagen før, måtte me ta oss ein dukkert. Det var tross alt 27 grader i går, so eit bad var på sin plass. Det var ikkje like varmt i vatnet akkurat, men friskt og godt var det.



Ingen kommentarer: