tysdag 3. november 2009

Snart Cupfinale!! :D

No er det snart klart for cupfinale!! Etter mykje om og men med skaffing av billettar, endte me til slutt opp med to billettar frå Telemark Fotballkrets. Takk til Finn Morten og Bent! Er glad me slapp å betale for både buss tur/retur Molde, diverse mat på bussen, og hotellopphald, så det var bra me avventa betalinga til Peer Gynt. Då har me fleire pengar som me kan bruke på supportareffektar, som det flotte skjerfet med orddelingsfeil på... Men det er vel utsolgt allerede...


Bilde av ei som gler seg like mykje som oss! Plex!

Eg gler me sånn til helga og søndag spesielt, at eg kan nesten ikkje vente!! Skal bli ufatteleg deilig å sjå når Berg Hestad nok ein gong skal heve pokalen over hovudet (forhåpentlegvis)..! No er det berre 5 dagar att!
Eg håper verkeleg at Moldelaget spelar godt, og tek ein knusande seier over lillebror.

For at de skal komme i cupfinalestemning, legg eg ut årets cupfinalevideo:



Kva synes du om Molde's cupfinalevideo?

Heia Molde!!! :-)

Ingen kommentarer: