måndag 2. november 2009

Grisesjuka!

Nøff-nøff! Ein må jo ha vore på månetur i det siste om ein ikkje har høyrd om svineinfluensa, eller grisesjuka som eg likar å kalle den. Det er mykje snakk om risikogrupper, smitte og forebyggjande tiltak, men kor reell er denne trusselen? Er mykje av det mediaskapa? Eller er det legemiddelindustrien som tener på at me vaksinerar oss og kjøper influensamedisin som "står bak" ? Kor hysteriske skal me eigentleg bli? Det er jo mange som allerede har fått den, og med dei fleste går det jo bra.


 (Bilde lånt av Sissel Nystad)

Ein blir jo sjuk i ny og ned uansett, men det er jo litt skummelt når i utgangspunktet heilt friske menneske har døydd av dette, det er jo ikkje til å kimse av. Kjenner fleire som har hatt svineinfluensa, og med dei har det i allfall gått bra. Endå er jo vaksina forbeholdt dei i risikogruppene, så me får vente til det blir vår tur, så får me sjå om me skal ta ho eller ikkje. Det er jo ein del bivirkningar av den òg...

Er du redd for å få svineinfluensa? Skal du vaksinera deg?