måndag 9. november 2009

Bokanbefaling: Ida's dans!

Denne boka er skriven av Gunhild Corwin, og er ei utruleg sterk historie. Den handlar om Ida på 18 år, som får leukemi, og som går frå å vere ei frisk og danseglad jente, til å bli dødssjuk - på utruleg kort tid. Gunhild er Ida sin mamma, og ho gjev utruleg mykje av seg sjølv i denne boka, alt blir opplevd gjennom hennar auge. Her får vi skildra alt frå korleis dei blir tatt i mot på sjukehuset, korleis dei opplever behandlinga og det å vere i denne situasjonen, familiens reaksjoner og tankar. Me får skildra korleis Ida kjempar sin kamp, me får høyre om gledelege oppturar og triste nedturar saman med venner og kjæraste, og korleis heile familien står saman og støttar kvarandre. Boka viser òg kor enorm kjærleiken mellom foreldre og born kan vere, og kor viktig det er å ta vare på kvarandre, og leve i no'et!



Eg lånte denne på biblioteket, og den vart utlese på ein augneblink.
Har du lese denne? Dersom ikkje, så anbefalar eg den på det varmaste!

Ingen kommentarer: