torsdag 26. november 2009

Utan internett, TV og PC!

Det er ganske utruleg kor avhengig ein kan bli av ting. Forrige veke når lynet slo ned, og det landa ein meteoritt på Lilleheia, så vart me plutseleg utan både internett, TV og PC... Nok ein gong kjempeglad for at me valgte å få tak i ip-tv! (I tillegg til at me ikkje fekk TV2 Sport på den, og at det ikkje går an å ta opp...)

På tysdag fekk me heldigvis ein ny router i posten, så no kan me i allfall sjå på fjernsyn igjen. Men sidan PC'n òg tok kvelden, kjem me oss ikkje på internett lengre, utanom på jobb då. Har difor vorte utruleg lite blogging i det siste, men når eg no etter kvart får PC frå jobben, så blir det andre bollar skal du sjå...

Det som òg er lurt, er å ha bilete lagra på fleire stadar enn på harddisken, slik at du ikkje mistar dei når PC'n ryk... Hadde ikkje me brent CD'ar hadde eg til dømes ikkje kunne lagt ut dette fantastiske bilete no:



1 kommentar:

Linda sa...

hehe! jaggu bra du ikkje møstæ ta bilde! :-)